Volda Bygdetun

Sengjabuda
Sengjabuda er det eldste huset på museet og er sannsynlegvis frå seint 1500-talet. Buda kjem frå garden Eide i Austefjorden. Ho vart kjøpt i 1911, straks etter at Volda Sogelag vart skipa og vart flytt til Gamle-tunet på Engeset i 1911-12. Og vart seinare flytta til Haueleite. Huset er i to høgder med eit tømra rom i kvar høgd, i begge høgdene er det ei sval på tre sider. Opphavlig var også svalene i første høgda bordkledde heilt ned. Sengjabuda hadde ingen eldstad. Viktigaste funksjonen til buda var som lagerstad for mat og klede, men som namnet seier, vart ho òg nytta til soveplass. I første høgda vart kleda oppbevarte og der stod ei seng. I andre høgda vart korn og kjøt lagra. I svalene vart ymse reiskapen lagra. Sett frå den tida då Sengjabuda vart bygd, var det nok eit staseleg hus. Dei to tømra romma som var den sentrale delen av huset, var store og rommelege. Det store og fint tilhogne tømmeret vitnar om at det er gjort litt ekstra for å få eit fint hus.

Kornbergstova
Huset kjem frå garden Kornberg på vestsida av Voldsfjorden. Det vart bygd ferdig tidleg på 1800-talet. Huset var hovudbygningen på garden, og stova var det sentrale romet. Her sov dei, her laga dei mat og dreiv med handarbeid. Kammerset var det kårfolket som hadde, men det vart også brukt som gjesterom. Oppe på lemen over kammerset sov dei store borna. I den kaldare gangen oppbevarte dei mat, koppar og kar. Der var også ei grue som dei brukte til å steikje flatbrød i. I den andre enden av huset hadde dei eit rom for forkle som ikkje var i bruk. Opphaveleg var eldstaden i stova.

Kylnå
Kylnå kjem frå Schjeldrup-garden på Rotset i Volda. Ho vart bygd i 1830. Ei kylne er eit tørkehus for matkorn eller malt til ølbrygginga. På ein trelem over kylnegrisen (steinovn) la dei kornet som skulle tørkast. Dei brukte eit døgn på å tørke omlag 50 kilo korn. På grunn av brannfaren stod kylnene ofte i utkanten av gardstunet. Dette er også gjort på bygdetunet, som eit døme på korleis dei var plasserte i gamle dagar.

Vassbakkestova
Vassbakkestova også kalla Joplassen, var sett opp i 1873. Den stod på Joplassen på Halkjelsvik. Det var Jon og Ingeborg Vassbakke som bygde husa. Jorda hadde dei bygsla på livstid. Då dei døydde, gjekk jorda attende til Moritsgarden. Vassbakke-Jo som han vart kalla, var snikkar og bygningsmann. Han kom frå Vassbakke i Dalsfjorden. Kona kom frå Steinsvika. Les meir om Vassbakkestova og dei som budde der i artikkelen Ho Jo-Johane i Vassbakkestova av Reidun Aambø i Voldaminne 2002.

Vedaløda
Vedaløda på Homberset vart bygd vinteren 1919-20 av Ola H. Homberset. Ola reiste ikkje på vinterfiske denne vinteren. Grindaløda vart sett opp i kanten av ei grushole på Løvikneset - meininga var å lagra bjørkaved for salg. Det meste av bjørkaskogen vart teken ned til vegen her, saga og kløyvd og lagra før køyring til Volda. Ein del av bjørkestokkane frå sætremarka vart send ned på løypestreng frå Storehamrane og ned til vegen ved vedhuset. Ola laga ei kappsag, som ei tid vart driven av ein vasskjølt ein-sylindra motor som gjekk på parafin. Me ungane var med å bere kaldevatn til kjølestampen. No var det meste av slitet med bogesaga slutt.

På slutten av 1970-talet utvida vegvesenet riksvegen, og vedaløda måtte flyttast. Eg såg det slik at dette måtte vere vedahuset som høvde i bygdetunet på Haueleite. Ola Homberset syntest dette var ein god ide og løda fekk me i gåve. Det var ikkje bilveg til tunet, so eg laga til ein midlertidig plass so langt ein lastebil kom seg opp frå riksvegen. På Løvikneset vart torva teken av taket og lastestropper festa. Elias Tilset som dreiv tømmertransport med kranbil, vart tilspurd og var villig til å freista flytta den heil. Laurdag 8. november 1980 hyrte eg med S. Bjørdal og T. Vollmann. Tilset kom med kranbilen og flyttinga gjekk som planlagt. På to timar var vart vedaløda plassert på Haueleite som hus nr 7. Seinare er det meininga at den skal flyttast opp i tunet. Av Kjell Humberset, frå Voldaminne 2006.

Skulen
Skulen som i dag er museet, vart sett opp i 1900 i Ervikstanda. Skulen måtte flyttast grunna vegen i 1904. Det var mellom anna Olav H. Homberset (1865-1953), som vart sett til arbeidet med å demontere, merke og sette oppatt skulen i Åseskaret. Der stod skulen til 1988. Han vart då plukka ned av sonesonen til Homberset, Reidar Homberset. Reidar hadde same jobben som bestefaren hadde hatt for mange år sidan. Skulen skulle no bli museum og setjast opp i utkanten av bygdetunet. Tanken om eit skulemuseum i Volda går tilbake til først i 1960 åra. Då arbeidde Rasmus Buset og Ragnar Ørstavik med planar om eit bruksmuseum knytt til den nye Øyra skule. Dei tenkte då på reiskap som var knytt til garden og fisket.

Dette materiellet skulle vere lett tilgjengelig i undervisningssituasjonar i heimstadlære og soge. Buset ville stille si rike samling av slike ting til disposisjon. Det viste seg at det ville ta år og dag før ein ville få innreidd rom under Aulaen på øyra skule til slik bruk av samlinga. Tanken vart difor lagd på is etter at Rasmus Buset døydde. Då Ragnar Ørstavik i 1970 vart tilsett ved Vikebygd skule og etter kvart oppdaga det som fanst av gammalt inventar og skulemateriell på "roteloftet". Etter siste omvølsle av skulen vart tanken om eit skulemuseum for heile området på nytt levande. Her var rikelig med pultar til to klasserom, einmanns og tomanns pultar.

Skjermbilde 2014-02-12 kl. 13.35.13

Skjermbilde 2014-02-12 kl. 13.47.05

Skjermbilde 2014-02-12 kl. 13.47.25

Skjermbilde 2014-02-12 kl. 13.47.16

Skjermbilde 2014-02-12 kl. 13.47.47

Skjermbilde 2014-02-12 kl. 13.48.00