Garverimuseet

Garvarbua vart sett opp av kjøpmann Olai Olsen i 1838. Bygningen liknar meir eit handelshus enn eit garveri, og det var ho og fram til 1876, då vart seld til garvar Carl Nikolai Rødseth. Rødseth fekk oppleve både motgang og med gang som garvar. På ein tvangsauksjon i 1884 mista han, i tillegg til garvarbygniga, både gard (Ristegarden) og grunn. Etter hard arbeid klarte han få år etter å kjøpt attende garveriet, som no og vart bustad for heile familien. Slik tradisjonen var på denne tida, vart den ein av sonene som tok over drifta då faren Carl Nikolai Rødseth døde i 1925. Denne sonen var imidlertid svakleg, og døyde allereie året etter. Dermed vart dottersonen Bjarne Vassbotn som måtte ta over. Han dreiv fram til 1971. Då vart verksomheta lagt ned og bygniga seinare seld til Volda sogelag.

20140429_103521           20140429_095955   20140429_101727