Austefjord museum

Årsetøysamlingane

Austefjord Museum, Årsetøysamlingane er eit bygdemuseum med lokalt særpreg. Grunnstamma i museet er bygd på modellar som tusenkunstnaren Andreas Aarsetøy (1902 – 1981) har laga. Temaet for modellane er arbeidslivet til folket i fjordbygda, gjenom eit heilt arbeidsår. Tidsrama er frå kring år 1900 til 1960. I tillegg til modellane har museet enkeltgjenstandar i naturleg storleik. Museet ligg ved Austefjord skule på Fyrde i Austefjorden. Eigar av samlingane er Austefjord Museumslag.