Volda Bygdetun og Garverimuseet

Velkommen til Volda Bygdetun og Garverimuseet

Volda Bygdetun er ei eining i Stiftinga Sunnmøre Museum som er ein konsolidert museums- institusjon samansett av 12 einingar. Dei andre er; Sunnmøre Museum i Borgundgavlen, Aalesunds Museum, Brudavolltunet i Ørsta, Dalsfjord Fyrmuseum i Volda, Sivert Aarflot museet i Volda, Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven, Sykkylven Naturhistoriske Museum, Godøy Kystmuseum, Herøy Kystmuseum, Ytste Skotet i Stordal og Landbruksmuseet for Møre og Romsdal på Gjermundnes.

Volda Bygdetun består av over 20 hus ordna som ein vanleg sunnmørsgard frå midten av 1800-talet. Her kan ein sjå korleis folk har budd, jobba og levd før i tida. Det eldste huset er ei sengjabu (loft) frå 1500-talet. Eit skulehus med ei stor samling av gamalt skuleutstyr høyrer også til i bygdesamlinga. Tunet ligg vakkert til ved foten av Rotsethhornet og med utsikt over fjorden. Tillegg til husa på Haueleite har Volda Bygdetunet også Garverimuseet nede ved fjøra,  Mylnefallet på Øvre Rotset.

Skjermbilde 2014-02-12 kl. 12.00.05