Kurs og foredrag

Vi som er tilsett i stiftinga har mange ulike fag- og kompetanseområde.
Hos oss finn du kunnskap om alt frå båtar, antikvariske hus og tekstilar til mellomaldertida, arkeologi og møbelhistorie. Ønskjer du eit foredrag eller tilbod om kurs knytt til eit spesielt tema høyrer vi gjerne i frå deg.

Ta gjerne kontakt direkte med foredragshaldar.

Kjetil Tandstad
Avdelingsleiar ved Norsk Møbelfaglig Senter
Kontakt: 90 20 12 31

Kjetil har vore journalist i meir enn tre tiår før han kom til møbelmuseet i Sykkylven. Han har skrive bok om Sunnmøre og sunnmøringen, gitt ut kåserisamling og  fleire bøker med historia til bedrifter og organisasjonar. Kjetil kan halde foredrag om møbelhistorie, kulturhistorie og Sunnmøre før og no.

 

Heidi A. Haugene
Avdelingsleiar ved Godøy Kystmuseum
Kontakt: 41 48 48 25

Heidi har arbeid med registreringar i heile Møre og Romsdal fylke i tillegg til utgravingar i Noreg, Sverige og Ungarn. Ho har jobba i «Forntidsby» i Sverige og har lang fartstid som formidlar av steinaldertida gjennom Den Kulturelle Skulesekken. Heidi kan halde foredrag om fortidsfunn i ditt lokale område.