Innsamling av bilete

AMU – Austefjord Museumslag kjøpte i 1990 inn utstyr til avfotografering av ca. 740 bilete for AMU og ca. 500 bilete for Høydal Velferdslag. Desse bileta vart laga som lysbilete, papirbilete og negativ. Det vart samla og registrert informasjon til bileta. Mykje godt arbeid vart lagt i denne innsamlingsrunda.

I 2005 tok vi kontakt med Fylkesfotoarkivet for digitalisering av biletsamlingane for enklare bruk og då Busetnadssoga for Volda planla bind 3 for Austefjorden melde vi oss for å hjelpe til med biletdelen. Innsamlinga i dette samarbeidet var vellukka, så no er her tilgang på ca. 3000 forskjellige bilete frå før 1960 i Austefjorden. Innsamling av informasjon til den totale biletmengda pågår framleis.

I Busetnadssoge for Volda bind 3 Austefjorden er det vel 500 bilete. Om lag 400 av desse er innsamla i bygdene. Tunbileta er mykje flyfoto, Widerøe 1962. Nedskalerte bokbilete kan bli tilgjengelege med sidetalsnummerering for bruk på PC om ein finn finansiering og bokkjøparane syner interesse. I dette bør bileta for Busetnadssoge for Volda bind 1 og 2 også vere med.

Vi har lite bilete frå arbeidsoprasjonar i fyrste halvdel av forrige århundre. Det er nesten ingen bilete av fiskebåtane i Austefjorden frå før 1965. Desse skulle vi hatt fleire av til det prosjektet vi no har byrja på, fiskeriregisteret for Volda 1920 – ca. 2000 som er skrive over i søkbart Exel-ark der ein kan legge til bilete og artiklar etter ynskje.

Har du eldre bilete frå området som er interessante, ta gjerne kontakt.