Kulturminne på Volda Bygdetun

Mellom dei gamle husa i tunet kan ein oppleve stemningar frå gamalt.

Volda Bygdetun er eit friluftsmuseum sett saman av hus flytta frå heile Volda Kommune. Husa er sett opp slik me kan tenkje oss at eit gardstun i Volda kan ha sett ut for 150 år sidan. Her formidlar me historie og handverkstradisjonar til skular og barnehagar. Me har også omvisingar til grupper og lag som ynskjer å møte og verte kjend medSunmøre si historie generelt og  historia i tunet spesielt. Me har også andre omvisingar etter avtale. Tunet er ope for publikum heile året. Ynskjer du å leige eit av dei antikvariske bygga eller uteområdet, kan du kontakte oss og gjere ein avtale om det.

 


« Go back