Skulehistorie på Volda Bygdetun

Voldaskulen på 1920-talet.

På gamle Hjartå Skule på Volda Bygdetun arrangerer vi «Rett Kunnskap til Rett Tid» kvar vår. Her får 3. og 4. klassingar i Volda vere med på delar av ein skuledag, slik han var for nesten 100 år sidan. Det gjev mange nye inntrykk, ny lærdom og grobotn for tankar og idear om likskapar og forskjellar mellom dagens skule og daglegliv mot korleis det var i oldeforeldra sin oppvekst.


« Go back